Vanlegaste flyplass er Alicante, men for den som har tilgang til Murcia, så er avstanden om lag lik. Om lag 45 minutt kjøring frå begge flyplassane. Murcia har lavare trafikkgrunnlag, og facilitetane på flyplassen er dårligare enn i Alicante.
Det beste er å disponere ein leigebil under opphaldet. Et tips er å bestille leigebil så tidleg som råd, vår erfaring er at prisane stig mykje når en nærmar seg avreise. Tilkomst til butikk og strender vert mykje lettare med eigen bil.
Det går også greit å ta buss og drosje. Buss 2.kvar time frå Alicante til Torrevieja, siste avgang frå flyplassen om kvelden er kl.22.00. Pris ca 8€. Drosje frå busstasjonen i Torrevieja og til huset tek 10-15 minutt og kostar ca 30€. Kjem de med fly frå Vigra (landar som regel etter midnatt) så må ein ha leigebil eller ta taxi som kostar ca 75-90€. Med leigebil på motorveien AP7 må de hugse å ta av mot Torrevieja etter ca 20 minutts kjøring. Det koster noen euro å kjøre på motorvegen.
Vi kjører som regel kystvegen N332 mot Cartagena. Den tek 5-10 minutt lenger enn AP7, men er helt OK, litt flere rundkjøringer.
Bussforbindelse til Murcia er ukjent, så her må en berekne å ta drosje
Adresse er Orihuela Costa, Lomas de Don Juan, Avenida las Carreras 18b
Diverre fungerer ikkje denne linken på Ipad.